GRASDALEN (og kalla
Dalen)
Skyldsett i 1955 som bruk 8.
53. Andor (Anders) Tjerandson (Kjreranson)
fra u. Førde i Sveio (147a), f. 1802 u. Berge i Sveio, d. 1846, g. 1827 m. Brønla Torbjørnsdtr f. 1800 pa Årek (10n), d. 1861.
Born:
a. Tjerand
f. 1827, d. 1827 (½ time).
b. Tjerand f. 1829,
d. 1854, ug.
c. Torbjørn f.
1833, Grasdalen u. Håvik (54).
d. Siri f.
1836, d. 1922, ug. (skredderske/fattiglem).
e. Rasmus f.
1843, Grønnemyr u. Bjerga (29) og Hatlastad (38).
Andor kom flyttande hit som «TienesteKarl» eit par månader
før han og Brønla gifta seg i 1827. Brønla var søster til Ariel Torbjørnson,
ein av gardbrukarane her.
Det blei halde skifte etter eldste sonen Tjerand i
1855. Auksjonen over det han åtte, hadde innbrakt-nesten 55½ spesiedalar. Denne
summen blei ikkje redusert med meir eon vel 8 dalar under skifteforretningen.
Ungkaren Tjerand Grasdalen åtte seks verer, ein sau og eit svart saulam då ban
dødde. Han var elles godt utstyrt som fiskar med m.a. eit par gamle sjøstøvlar,
skinntrøye og skinnbukse og sju vårsildegam. Han åtte vidare halvparten i ein
fiskebåt med segl og «øvrigt Tilbehør». Båten hadde ein verdi på 14 dalar,
sildegama kom opp i 12½ dalar.
54. Torbjørn Andorson f. 1833 i Grasdalen u.
Håvik (53c), d. 1881, g. 1862 m.
Inger (Ingrid) Nilsdtr f. 1838
på Aursland (21d).
Born:
a. Brønla f. 1863, flytta i 1887 til Iowa, USA.
b. Astrid f.
1865, flytta i 1887 til Haugesund.
c. Nils Andreas
f. 1868, flytta i 1888 til USA.
d. Andreas f.
1871, flytta i 1888 til USA.
e. Tjerand f.
1873, flytta i 1888 til USA.
f. Torger f.
1875, flytta i 1887 til Haugesund.
g. Inga Serina
f. 1878, flytta i 1887 til Hau-gesund.
Torbjørn er allereie i 1855 nemnd som husmann i
Grasdalen. Først sju år seinare, etter at mora var død, gifta han seg. I 1865
heldt han og kona Inger tre krøte_r og 19 sauer på Grasdalen-plasset. Dei hadde
satt 1¾ tønne havre og 2½ tønner poteter. Ti år seinare var buskapen auka til
tre-fire kyr eller ungfe, 16-20 sauer og fire geiter. To av kyrne; 12 av sauene
og alle geitene heldt Torbjørn i foster for andre. På åkerteigane sine hadde
plassfolket i 1875 sått halvanna tønne havre og same potetmengda som ti år før.
Av dette rekna dei med å hausta åtte korntønner og ti potettønner.
Torbjørn og Inger heldt to tenarar i 1865. Tenesteguten
var 15 år og heitte Bård Nilsson. Åsa Nilsdtr var «Barnepige». Begge to var
sysken av Inger. Dei to andre som budde på plasset, Rasmus og Siri, var sysken
av Torbjørn. Rasmus var skulelrerar og Siri skreddar.
Torbjørn var delvis «Fattigunderstøttet» i l 875, sjølv
om han berre var vel 40 år. Kan henda var det sjukdom som v skuld i
at han måtte ha hjelp utanfrå. Berre seks år seinare døydde han før 50 årsleitet
var nått. Enkja Inger flytta i 1887, saman med nokre av boma, til Haugesund.
Andre av dei drog til Amerika. Dottera Brønla budde elles alt i 188 5 i
Haugesund. Ho arbeidde «for løn hos Skipsreder Halvor H. Wiig».
Thanks to Solveig at the Norwegian American Genealogical Association & Naeseth Library who translated this for me. A few words on how to interpret this information: